Saumlaust

Kjem snart

Sy det som passar deg.

Vi som har starta Saumlaust, har lenge irritert oss over at symønster kjem i faste storleikar som S, M og L. Det passar for dei færraste.

Du kan vere medium rundt brystet og small rundt midja, eller motsett. Då må mønsteret justerast for å passe. Det synest vi i Saumlaust ikkje er godt nok.

Difor har vi laga ei løysing der symønstera faktisk passar deg, uansett fasong. Du legg enkelt inn dine eigne mål i mønsteret du vil sy etter, og får eit skreddarsydd symønster som du kan skrive ut heime.

Det er rett og slett saumlaust.

Før lansering ser vi etter deg som vil teste dei første mønstera våre, slik at vi kan gjere dei heilt perfekte for alle former og fasongar.

Meld deg på ventelista, så tek vi kontakt når det første mønsteret er klart. Då får du høve til å teste det ut før alle andre, heilt gratis!

Meld deg på ventelista, få beskjed når vi opnar

Spørsmål? Ta kontakt på hei@saumlaust.no